Eg og Kino

 Kino har alltid hatt ein stor betydning for meg. På åttitallet hadde vi bilderørs-TV, og dei var ikkje store. Det var på desse skjermene eg såg Indiana Jones og Star Wars. Men ein ting eg legger merke til i filmdagboka mi frå åttitallet er at så og si alle filmar eg såg på kino fekk “terningkast” 6. Kino-effekten skal ikkje undervurderes. Å sjå film på kino kan heve ein film, og det er her film egentlig høyrer heime.


I dei tider hadde film fortsatt eit magisk grep på folk. Når lyset gjekk ned og filmen starta, var det heilt stille og folk satt med store øyne. Det var som Cinema Paradiso. Folk blei litt meir vant til film utover nittitallet. Filmer blei kjøpt, og fleire såg dei heime. VHS hadde gjort jobben sin og spredd film til alle heimar, så film blei allemannseie og mistet gradvis dette magiske grepet.


CUT TO: 2023. Eg har ikkje vore på kino sidan Rambo: Last Blood i 2019. 4 år sidan, og eg har knapt vore på kino dei siste 10 åra. Kvifor?


  1. Plaget av ein gradvis sosial angst.

  2. Folk respekterer ikkje kinoen.

  3. Kjøpesenter kino.

  4. TVer har blitt gigantiske.

  5. Det har blitt sjukt dyrt.

Sosial angsten kjem og går. Klart eg kan utfordre meg sjølv til å face the fear på kinoen. Men når eg kjem ditt etter å ha betalt ein drøy pris for billetten og snacks-meny, og utifrå erfaringane mine dei siste ti år så har eg blitt plaga av folk som heng der som heime i stua. Nokre kasta popcorn. Nokre sitt med mobilen konstant. Nokre prata høgt. 

Å reise til kjøpesenter-kinoen tek meg 40 min ein veg, og to stk bompengestasjoner -ein veg. Kjøpesenter Kino er sjarmlaus. 


I Ålesund sentrum hadde vi Løvenvold Kino, som måtte si takk for seg på grunn av konkurransen med dei store kino-kjedene PÅ kjøpesenteret. Her var det sjarm, og her såg eg mange gode filmer gjennom tida. Når den blei lagt ned, mista eg kino gnisten. Dette var siste dråpe.


Folk yngre enn meg har ikkje desse problema tenker eg. Det er bra. Eg håper kinoene vil overleve framtida. Men eg håper også på ei forandring som kan få sjarmen tilbake.





Kommentarer

Populære innlegg