Eg og min mor

Det har vore eit hardt år for meg og min familie. Utenom mi eiga depresjon-utbrenthet sykdom, har mi kjære mor kjempa mot kreft i fire år, der ho måtte avslutte all behandling i juli. Gradvis har ho blitt sjukare, og i dei siste fire vekene har eg og kona, og familien, vore med ho kvar dag. No er ho på det kritiske stadiet i sluttfasen, der ho kan sovne inn når som helst.

Eg har hatt ein overload av tanker, og reflektert på kva som har vore positivt i denne beinharde perioden. Utenom kona, hundane, nære venner og familie har filmfolka på Twitter vore til stor hjelp å få meg ut av tankekjøret. Film og filmprat er ein helsikes god terapi. Takk til dokke som har vore aktive i filmpraten med meg <3

The Fabelmans er fortsatt årets beste film og det er ikkje berre at filmen åleine er eit mesterverk, men den har også likheitstrekk med min eiga barndom. Eg og min storebror blei filmfrelst då vi såg Goldfinger på Beta hos ein rik onkel, cirka 1979/1980, då eg var fem. Farfar hadde ein 8mm filmframviser der vi såg Helan & Halvan, Chaplin og Ivo Caprino eventyr.

Mamma og pappa fanga opp vår filmentusiasme, og hjalp oss til å dyrke lidenskapen. Dei gav min storebror eit 8mm filmkamera til sin bursdag i 1984, og han begynte å regissere filmer, med meg og mine venner som skuespillere. Analogfilm var ikkje billig den tid, og heller ikkje cowboy kostymer og realistiske knallpistoler. Mamma var produsent og punget ut, men også hadde vi spleiselag med våre venners familie. Desse treminutters filmane tok tid å få tilbake frå filmlabben og då satt bror min og redigerte mesterverka i nokre veker. Mamma var stolt av oss då premieren blei haldt på stua med mine venner og deiras familie, på ein stor kvit skjerm. Det var magi og evigvarende minner.

Det kosta å lage film, men endå dyrere var VHS maskinene og alle filmane vi leide på åttitallet.

Fyrst leide vi maskin og tre filmer ein gong i månaden. Gradvis gjekk dette over til kvar helg. Når vi endelig fekk vår eiga videomaskin i 1986 var det eit gigantisk steg i mi personlige filmhistorie(leige film i kvardagen), sjølv om det var ei elendig billig samsung vhs-maskin.

Ein dag i 1991, ringe ho mamma frå Oslo og forteller ho kika på ei ny videomaskin og om den kunne være bra. Vi sa berre ja. Ho kom heim med ei Salora Dolby surround(innebygd forsterker), inkludert to bakhøytalere til ein pris på 12 000,- kroner, i 1990! Ho jobba då som kantinekokk og kjøpte den på avbetaling. På nattestid samme dag, satt eg foran boksetven med to høyttalere bak meg og fekk oppleve for første gang surround. Filmen var Arachnophobia og med lyden av jungelen rett bak meg, var eg i himmelen. 

Mamma likte å sjå film med oss. Ho tok meg med på the Living Daylights, då eg ikkje var gammal nok og ho masa til ho fekk oss inn.

Ho likte best å sjå filmer som Grease, An Officer And A Gentleman, Farlig Begjær, romantiske filmer og thrillere. Vi alle satt samla foran tven med godteri og brus, utan å snakke.

I dei siste åra har ho overnatta med meg og kona, der vi har hatt film/tv maraton. To intense dager med serier som Mot Alle Vinder, Return To Eden, If Tomorrow Comes, Lace, og filmer som Gone With The Wind. Dette er også evigvarende magiske minner.

Ei mor med eit gullhjerte, vi er så glad i ho.

Eg var minst, storebror bakerst, og "dritten i midten" som det kalles til høgre.

(7 okt 2023. To timer før Mamma sovnet fredelig inn, skreiv eg dette i sofaen medan eg og kona passa på ho. Og når eg les dette no føles det som dette var mi tale for ho. Begravelsen blei haldt 5 oktober.)

Kommentarer

Populære innlegg