What's it all feckin about?

The Banshees of Inisherin

Øysamfunnsfeelingen er top notch. Alt starter veldig bra. Eg elsker bygdedrama og får det godt levert. Etter ei stund begynte tankane å kome. Kva er denne filmen om? 

Premisset: To bestevenner skilles då Collin Farrells karakter er to dull for Gleesons karakter som har kunstneriske ambisjoner, og ikkje vil kaste bort meir tid på tomt prat. 

Gleeson truer med å kutte av fingrene sine om ikkje Farrell slutter å prate til han. Farrell har lav sosial-IQ, klarer han å la være? Gleeson som virker smart i starten, men er kanskje endå dummere, og vi får egentlig aldri noken innsikt i karakteren, bortsett frå at han har liten tid igjen og er muligens deprimert. Ein kan sanse kor veien går når staheit og idioti clasher. 

Med ei slik "enkel" historie burde komedien sitte som eit skudd, men det gjer den ikkje, då det blir for mykje irsk-bygde-humor. Visse situasjoner er morsomme: når søstra spør broren "do you feel lonely?", og vi får ein strålende reaksjon frå livets glade gutt. 

Her er to tragiske hovedkarakterer eg faktisk ikkje bryr meg om, og ein irriterende landsbygutt. Dei einaste karakterene eg bryr meg om er søstra, eselet og hunden. Burde eg bry meg? Var det meininga at vi ikkje skulle like hovedkarakterene? 

Eg har lest meg opp litt. Så vennskapet deira er symbolsk eller ein allegori for det som skjer over sjøen: borgerkrig i Nord Irland; katolikker og protestanter som har vore venner lenge, "plutselig" blir fiendar over natta. Veldig smart når ein lar den tanken surre litt rundt i gryta. Er det derfor vi ikkje skal like hovedkarakterene pga meningsløs krig og dei to representerer dei to sidene? Og kven representerer kva sider? 

Skuespelet er filmens styrke, også det tekniske er nydelig utført. Men historien og kva eg føler når den tar slutt er for meg lite givende, sjølv om det er smart bruk av allegori/symbolikk/metafor. Eg fekk litt følelsen av at regissøren er overbevist han har laget eit mesterverk uten flaws, og på ein eller annen måte fikk verden sjarmert til å tru det samme. Men her er noke som skurrer, og eg er spent om den vil tåle tidens tann, då vi i desse dager er ekstremt sultne etter noke ala slike filmer og ikkje dyre CGI filmer med hjernedød evigvarende action.

Eg blei dessverre skuffa då det er samme gjengen som laget den fantastiske In Bruges. Eg fekk lyst å sjå opp att Local Hero, som har meir sjel, bedre historie, humor og er litt inne på det samme med øy/kyst-samfunn og med rare fungerende karakterer.


Kommentarer

Populære innlegg