Licorice Pizza (2021) Anmeldelse
Visse ting dro meg ut av filmen. Sean Penn og Tom Waits for eksempel, sjølv om dei er dritkule, det passa ikkje inn. Men Bradley Cooper er verst, denne Jon Peters-sekvensen var ikkje morsom eller interessant, faktisk dro denne sekvensen ned filmen ein del.
PTA er ein pose med miksa drops her. Han prøver å vere spontan, å kome med noke uventa - arrestasjonen er eit døme, som var meiningslaust, kun for å få ei løpescene som skal få større betydning seinare. Ja her er mykje springing - viktig å få med ungdommeleg-heit.
Og jo lenger ut i filmen vi kjem, jo meir daler interessa for hovedkarakterene, kvifor? Vel, slice of life-filmer ser kanskje enkelt ut på papiret, men ikkje alle er Richard Linklater, som er mesterer dette 100%
Licorice Pizza var ei god stund ein film eg kunne enkel ha plassert ved sidan av Dazed and Confused, Almost Famous og Once Upon a time in Hollywood, men slik gikk det ikkje.
Men her er mykje kvalitet, heilt nydelig film, og det er så deilig å sjå ukjente skodespelara gjere det så bra.
TERNINGKAST 4

Kommentarer
Legg inn en kommentar