Prey (2022) Anmeldelse


Prey er som ein slags Pocahontas Disney-film med cgi-dyr og slikt, så bevegar den seg inn på eit The Revenant territorium med franske jegere. Midt i det heile har vi ein Predator som slakter alt og alle med science-fiction våpen på ein brutal gorestil fashion. Det er ein morosam kombi, men kanskje ikkje alltid heilt for meg.

Den skviser inn litt naturfag i at alle vesen jaktar på kvarandre - slik er naturen. Men som med dei franske jegerne som tek kun skinnet frå bisoner, tek Predatoren kun skinnet vårt (ryggrad komplett med haudet!), utan for eksempel å spise oss -troféjakt er noke drit.

Bortsett frå jegeren frå det ytre rom, er filmen nesten fri frå Sci-Fi-elementer, så dette er ein edrueleg og minimalistisk Predator film der dei har gått tilbake til teiknebordet og prøva seg på noke nytt, utan dei velkjente oppskriftene.

Historia om Naru som skal bevise seg for stammen og bli sjefsjeger, er ei heilt grei historie. Ho får sjølvsagt ingen respekt fordi ho er ei ung kvinne, ergo ho må kjempe hardere enn karene, og være smartere, noko ho uten tvil er. Som John Wick knuse ho det meste av motstand.

Dette er eit gjensyn med Comanche språket - den einaste måten å sjå filmen på. Med engelsk språk, øydelegg den stemninga - spesielt scenene der jenta krangler med gutta som om det var i ein gang på highschool under friminuttet.

Eg håpe vi får fleire slike Predatorfilmer der dei tester noko annleis. Men faktisk likte eg Shane Blacks The Predator betre. Det sagt, likar eg alle Alien og Predator-filmane.

Terningkast 4 

Kommentarer

Mest leste

Bilde

Eg og min mor