Ryuichi Sakamoto: Coda (2017) Anmeldelse
For meg er Ryuichi Sakamoto ein stor kunstnar, på lik linje med David Lynch.
Eg er godt kjend med filmmusikken til Sakamoto. oppveksten såg eg Merry Christmas, Mr. Lawrence (der han også spelte), som den mest kjende melodien hans, «Forbidden Colours», kjem ifrå - i tillegg til det strålande samarbeidet hans med David Sylvian. Eg har alltid likt The Last Emperor av Bernardo Bertolucci. Dei to samarbeidde også på The Sheltering Sky (1990) min favorittfilm av Bertolucci, som er basert på ei av dei beste bøkene eg har lese (av Paul Bowles).
Sakamoto komponerte musikken til The Revenant, som eg må sjå igjen snarast. Men i Coda er det soloalbumet async (2017) som får mest fokus. I 2014 fekk Sakamoto ein kreftdiagnose, og han laga ikkje musikk på eit år. Alle planar han opphavleg hadde for det neste albumet blei vraka. Han starta frå scratch, med ei kjensle av at dette kunne bli hans siste soloalbum.
Vi får sjå artisten gå rundt og skape og finne lydar, enten ute i naturen eller i storbyen. Dokumentaren opnar med at Sakamoto slår på strengane til eit piano som blei øydelagt i tsunamien i 2011. Han kalla det «the tsunami piano»; han meinte at naturen tok tilbake instrumentet og stemte det i sin tone -naturens tone.
Pianoet blir brukt på albumet. Det er dette dokumentaren handlar om for meg: å sjå Sakamoto la seg fascinere av lydar. Det inspirerer meg til å sjå (og høyre) verda på ein annan måte. Mange av oss (i alle fall eg) har mista kontakten med naturen eller dei daglegdagse omgivnadene våre. Vi er alltid oppslukte av telefonen, TV-en eller ei bok. Når eg ser denne filmen, får eg lyst til å setje meg ut på ein stein, sitje der utan noko anna, og berre høyre på musikken til naturen.
Eg fekk òg veldig lyst til å sjå filmane til Andrej Tarkovskij. Sakamoto var stor fan, fordi regissøren var så dyktig med lyd. Då Sakamoto laga async, hadde han Tarkovskij i tankane. Det var som om han laga filmmusikk til ein ulaga film av den russiske regissøren.
Og eg tenkte: Kva om eg ser Tarkovskij på same måte som eg sit på den steinen? Berre sjå og lytte, utan å prøve på noko form for intellektualisering (slik eg gjorde sist). Berre sjå Stalker eller Solaris med undring, som eit barn.
Dæven steike, denne dokumentaren inspirerte meg! Han talte til meg på same måte som filmane til David Lynch eller Werner Herzog, og gav meg ein skikkeleg livsboost!
TERNINGKAST 6

Kommentarer
Legg inn en kommentar