A Complete Unknown (2024) Anmeldelse


Filmen fungerer som ei flott, filmatisk ABC-innføring i Bob Dylan sitt liv, der songane styrer tidslinja som ei «best of»-samling. Eg set stor pris på atmosfæren i New York med beatniks og draumesøkarar, eit miljø eg alltid har romantisert. Timothée Chalamet gjer ein solid jobb fordi han har den naudsynte sjølvtilliten – og kanskje arrogansen – til å bere rolla. Likevel blir menneska rundt han nedprioriterte og lettvint handterte, og Dylan sjølv framstår nesten som ein karikatur. Det er kanskje ikkje overraskande sidan mannen alltid har vore eit mysterium, men det gjer filmen litt overflatisk.

Pete Seeger har ei sentral rolle som leier opp til den legendariske (men mytiske) augneblinken der Dylan «går elektrisk» og Seeger skal ha hogd over kabelen. Det er eit klassisk stykke amerikansk historie, sjølv om det aldri skjedde på den måten. Scena får meg til å leike med tanken på ein konservativ Pete Seeger i dag: I møte med moderne KI-generert musikk hadde han nok stått klar til å kutte kabelen til datasenteret – «Dylan gone Artificial Intelligent»!

TERNINGKAST 3



Kommentarer

Mest leste

Bilde

Eg og min mor