Filmen er teknisk sett ein triumf med strålande skodespel og produksjon, men han etterlét meg likevel med ei rar tomheit. Stellan Skarsgård storspelar som Gustaf Borg, ein Ingmar Bergman-aktig regissør som prøver å nå fram til den framandgjorde dottera Nora gjennom eit filmmanus – hans einaste måte å kommunisere kjensler på. Sentralt står eit dysfunksjonelt familiedrama der huset ber på generasjonar av historie, noko som gav meg assosiasjonar til Robert Zemeckis sin Here. Det er vakkert korleis filmen skildrar at kunsten ofte blir den einaste staden der emosjonelt avstumpa menneske kan føle noko ekte.
Likevel gapar filmen over for mykje. I motsetnad til den rå krafta og minimalismen i Oslo, 31. august, kjennest Affeksjonsverdi maksimalistisk og ufokusert. Det er sterke enkeltscener her, som når Gustaf gir barnebarnet traumatiserande valdsfilmar i bursdagsgåve, men heilskapen skrantar. Elle Fanning si rolle som filmstjerna Rachel Kemp fungerer dårleg og kjennest berre som eit plot-verktøy, og forsøka på å vere moderne med snakk om TikTok, ASMR og Netflix øydelegg den tidlause stemninga Trier er så god på.I botn og grunn mangla eg den djupe koplinga til karakterane som eg vanlegvis får i Trier sine filmar. Det er mykje energi og spennande meta-bruk her, men då rulleteksten kom, forsvann filmen raskt i gløymsla. Det kjennest litt som «Bergman for dummies», men filmen må likevel anbefalast. Sjølv ein svakare Trier er verd å sjå, og temaet om korleis vi brukar kunst til å forstå oss sjølve og kvarandre, er trass alt både viktig og vakkert.
TERNINGKAST 4
Kommentarer
Legg inn en kommentar