Caught Stealing (2025) Anmeldelse

Denne filmen kunne like gjerne ha heitt Brellja, for handlinga er like skitten som trusa til hovudpersonen. Darren Aronofsky er på tynn is og prøver seg på ein Guy Ritchie-kopi, men for første gong er eg skuffa over meisterregissøren. Forsøket på å vere spontan, morosam og uforutseieleg endar berre opp i gamle klisjear og eit rotete renn fram og tilbake mellom ein bar, ei leilegheit og nokre gangsterar som jaktar på ein nøkkel.

Austin Butler spelar ein bartender med grumsete fortid, og det verkar som om Aronofsky gjer det personleg ved å straffe han med brutal karma og vald. Men eg bryr meg rett og slett ikkje om karakteren. Sjølv om klimakset byr på litt action, er filmen fortapt. Dette kjennest som eit bestillingsverk som kunne ha blitt laga av kven som helst – det er sjokkerande langt unna kvaliteten vi forventar frå Aronofsky.

TERNINGKAST 2

Kommentarer

Mest leste

Bilde

Eg og min mor