The Life of Chuck (2025) Anmeldelse


Filmen opna utruleg sterkt, og første del gav meg eit håp om at dette kunne vere ein av årets beste filmar. Men diverre slo «Stephen King-forbanninga» inn; ting endrar seg fort i hans univers, og oddsen for ein fulltreffar er sjeldan høg. I akt to skifta filmen karakter totalt, og brått kjendest det mest som eit laurdagsunderhaldningsprogram på NRK frå 1990, prega av trommer og dans i staden for den apokalyptiske stemninga eg hadde sett for meg.

Forteljarstemma var meir forstyrrande enn oppklarande, og stadige hopp i tid med bytte av skodespelarar gjorde det umogleg å knyte seg emosjonelt til hovudkarakteren. Sjølv om eg ser at regissør Mike Flanagan prøver å skape noko vakkert, skulle eg ønske han la frå seg «Skal vi danse»-takter og gjekk tilbake til det han gjer best: å lage små, effektive grøssarar. No ventar ein unødvendig Carrie-serie frå han, men for meg har Brian De Palma allereie perfeksjonert den historia. The Life of Chuck endar diverre opp som ein gedigen nedtur.

TERNINGKAST 2



Kommentarer

Mest leste

Bilde

Eg og min mor