Kva gjer superstjerner som Matt Damon og Ben Affleck i ein film som eigentleg høyrer heime i B-film-landskapet til Gerard Butler og Jon Bernthal? Gutta har til og med kopiert skjegget deira! The RIP prøver å vere ein smart «kven kan ein stole på?»-thriller, men endar opp som ein idiotisk miks av Assault on Precinct 13 og The Usual Suspects. Det er ein tøysefilm prega av eit stinkande manus, forferdeleg pulserande musikk og horrible flashback-scener som prøver å vere smarte utan å lukkast.I staden for action får vi berre krangling og tøyseprat, og karakterar som bedrar kvarandre så mykje at det blir umogleg å bry seg om kven som vinn. Klimakset, som skal vere ein stor «aha»-augneblink, landar fullstendig flatt, generisk og livlaust. Dette er ein fornærmelse av ein film og god nok grunn til å vurdere å kansellere Netflix-abonnementet. Det kunne ikkje vore ein verre start på filmåret 2026.
TERNINGKAST 1
Kommentarer
Legg inn en kommentar