Filmen opna lovande med ei kul framtidsverd, men skuffelsen kom raskt då sjølve spelet var lagt til ei open "verd" framfor ein intens arena. Glen Powell, som eg vanlegvis likar, strevar her altfor hardt med å vere både morosam og superstjerne, og eg gjekk fort lei av den påtekne sjarmen. Endå verre er skurkane; dei er fullstendig anonyme og keisame, ei bleik samanlikning med dei fargerike og minneverdige jegerane frå Schwarzenegger sin overlegne 80-talsversjon.Historia er svak, rotete og tilfører ingenting nytt, og midtvegs sat eg berre og lengta etter ein ekte helt og ekte action. Sjølv om filmen har greie effektar, er dette eit makkverk som ikkje forsvarer leigeprisen på 49 kroner. Eg har bestemt meg for å vere nådelaus og 100 % ærleg i filmåret 2026, og nye filmar må rett og slett prøve mykje hardare enn dette for å få godkjent hos meg.
TERNINGKAST 2
Kommentarer
Legg inn en kommentar