THE SMASHING MACHINE (2025) ANMELDELSE
Filmen prøver seg på ein rå, dokumentarisk 90-talsstil, men resultatet kjennest distansert og laust samansett utan mål og meining. Vi får ingen ordentleg narrativ start, berre fragment av elende: Kerr som set sprøyter, Kerr i sjukehussenga, og eit dørjande kjedeleg ekteskapsdrama med ei bortkasta Emily Blunt. Filmen manglar den menneskelege varmen som gjorde The Wrestler til ein klassikar. Det einaste positive er at sporten blir vist utan glamour, men totalt sett er dette ei historie som hadde passa betre som ein faktisk dokumentar. Filmen er rett og slett dårleg.
TERNINGKAST 2


Kommentarer
Legg inn en kommentar