THE WOMAN IN CABIN 10 (2025) Anmeldelse
Nok ein film om «the rich and the disgusting». Eg hadde eit visst håp sidan regissøren tidlegare leverte den gode The Dig, men her blei eg lurt av skrytet på Netflix. Dette er eit forsøk på å lage Hitchcock i moderne drakt, men resultatet endar opp som typisk metervare frå «skya». Det er den typen film som er skreddarsydd for slitne sambuarar som treng enkel underhaldning etter jobb, for så å gløyme heile greia like raskt dagen etter.
På casting-sida var det kjekt å sjå min gamle helt Art Malik (The Living Daylights, True Lies), men resten skurra. Paul Kaye overtydde ikkje som rockestjerna Danny, og eg lurer framleis på kva ein kapasitet som Guy Pearce eigentleg gjer i dette selskapet. Alt i alt ein skuffande og forgløymeleg thriller.
TERNINGKAST 1


Kommentarer
Legg inn en kommentar