TRON: ARES (2025) ANMELDELSE


Tron-filmane har alltid hatt ein unik plass hos meg, og Tron: Ares skuffar ikkje visuelt. Regissør Joachim Rønning leverer «eye candy» som til tider kan minne om Villeneuve eller Nolan, men den verkelege stjerna er musikken. Nine Inch Nails har klart det umoglege: å lage eit score som er like feitt som Daft Punk sitt legendariske arbeid i toaren. Heile filmen kjennest som ein nydeleg, intens musikkvideo, spesielt under motorsykkeljakta med laserspor – det er rein nytelse for sansane.

Historia snur opp ned på konseptet ved å ta det virtuelle inn i røynda, men plottet blir diverre litt svakt og «safe». Det er essensielt ein Terminator-jakt der programvare jaktar på menneske, og skurken er ein irriterande tech-klisjé eg er møkkalei av. Men Jared Leto er endeleg tilbake i toppform! Han er perfekt kontrollert som Ares og har massiv utstråling. Høgdepunktet var turen inn i den gamle 80-talsmaskina, og sjølv om eg gjerne skulle sett meir handling inne i datamaskina neste gong, er dette ei diggbar oppleving eg ikkje får nok av. No jaktar eg på soundtracket på vinyl!

TERNINGKAST 4



Kommentarer

Mest leste

Bilde

Eg og min mor